Funnen i ettermiddag: Mannen vart funnen like før klokka 15 i ettermiddag. Han vart stadfesta omkomen.

Mann funnen omkomen. – Ikkje grunn til å tru at det har skjedd noko straffbart

Politiet stadfestar funn av død person i samband med leiteaksjonen på Gåssand.

I ei pressemelding som vart sendt ut i ettermiddag stadfestar politiet at det er gjort funn av det som antas å vera den sakna 27 år gamle ukrainske borgaren som tidlegare i veka var meldt sakna. Vedkomande vart funnen omkomen.

– Politiet har på noverande tidspunkt ikkje grunn til å tru at det har skjedd noko straffbart. Pårørande er varsla. Sakna vart funnen i terrenget av leitemannskap kl.14.50, opplyser politiet i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vidare skriv politiet at det har vore gjennomført ein omfattande leiteaksjon med godt samarbeid og bistand frå frivillige organisasjonar som Røde Kors, Norges Redningshunder, Norsk Folkehjelp, redningshelikoptertjenesten, Norsk Radio Relæ Liga, samt tenestepliktige frå Sivilforsvaret og Heimevernet.

– Politiet og dei pårørande ønskjer å takka for ein formidabel innsats under til tider utfordrande topografi og søksforhold, går det fram av pressemeldinga.