Korona: Det er til no 13 påviste tilfelle av koronaviruset i Bjørnafjorden kommune.

Mann i 20-åra har fått påvist koronaviruset

Ein mann i 20-åra busett i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for det nye koronaviruset.

Det opplyser Bjørnafjorden kommune på nettsida i kveld.

Smittevernoverlege Bjørn Petter Aasheim Johannesen opplyser at ein ikkje veit korleis mannen har blitt smitta av viruset (ukjent smitteveg), men at dei har god kontroll over kven han har vore i nærkontakt med og at familien er sett i karantene, skriv kommunen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er det 13. påviste smittetilfellet av det nye koronaviruset i Bjørnafjorden kommune.