Politiet rykte ut til Os sentrum søndag ettermiddag då dei fekk melding om slåstkamp.

Mann i 60-åra henta av ambulanse etter slåstkamp med mann i 30-åra

Tok kontakt med nabo som fekk varsla politiet.

Rett før klokka 15 søndag rykte politiet ut til ei adresse i Os sentrum. Meldinga gjekk på at det hadde vore slåstkamp på staden. Ein mann i 60-åra blødde frå ansiktet då han kom for å be om hjelp.

– Både fornærma og sikta var svært rusa. Det var fest i bustaden. Kor mange som var til stades, er usikkert, men ikkje fleire enn ti i alle fall, fortel politioverbetjent, Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fornærma blei henta av ambulanse. Sikta blei arrestert og køyrd via legevakta.

– Vi har eit vitne, som var på staden då det skjedde. Vitne var edru, fortel Lyssand og legg til at sikta er ein mann som politiet har vore i kontakt med fleire gonger før.

– Politiet fann også ein del heimelaga sprit på festen. Dette blei destruert.