Prøvde seg: Ein mann prøvde seg med falske bilskilt, men blei ferska av politiet.

Mann stoppa med heimelaga skilt: — Kunne tydeleg sjå at dei var falske

Registreringsnummeret skal ha vore rett, men dette er likevel ikkje lov.

— Korleis lagar ein falske skilt, tek eit stykke papp og målar på nummeret?

— Ja, det er vel ein variant ein kan bruka. I dette tilfellet blei det brukt ein treplanke, noko papir, ein penn og plast. Ein kunne tydeleg sjå at dei var falske, seier politioverbetjent, Atle Birkeland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om det er etter tips frå publikum, eller berre patruljen som har komme over bilen, er noko uklart ut frå loggen, fortel Birkeland.

— Men det ser ut til at dei berre trefte på han. Det er ein mann i 30-åra. Han blei stoppa på Røtingavegen.

Sjølv om registreringsnummeret var rett, vil mannen bli meld for å køyra utan skilt.

— Han er meldt for bruk av uregistrert motorvogn, som det heiter, seier Birkeland.

I tillegg kan Birkeland melda om to påkøyrde hjort. Begge på Byvegen.

— Ein hjort blei påkøyrd, eller sprang i ein bil torsdag ettermiddag i 17-tida. Ruta knuste, og viltnemnda måtte ta hand om hjorten. Det andre tilfellet er noko uklart om det er snakk om påkøyrd hjort. Meldinga gjekk på at hjorten hang fast i autovernet. Viltnemnda tok over oppdraget, seier Birkeland