Køyrde gjennom sentrum: Ein mann som det lukta alkohol av, skal ha sete seg i bilen og køyrd gjennom Os sentrum. Bilen blei funnen att ved eigaren sin bustad.

Mann teken for promillekøyring, men han fekk behalda førarkortet

Politiet fekk måndag melding om at ein mann som det lukta alkohol av, skal ha sete seg bak rattet og køyrd av garde.

Det var kring klokka 18 måndag at meldinga kom inn til politiet.

Ein person som det lukta alkohol av, skal ha sete seg i bilen og køyrd frå staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Bilen køyrde via Os sentrum og vår patrulje fann bilen att ved eigaren sin bustad, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland i ein e-post.

Mannen i 30-åra blei teken med til legevakt for blodprøve. Politiet opplyser at han då blåste til over lovleg verdi i alkometeret.

— Sak er oppretta, men førarkortet er ikkje inndrege, då det truleg er snakk om lågare promille, skriv Birkeland.