betongblokk, Os sauna
Ved hjelp av ein kran vart ei stor betongblokk heist ut i sjøen, for å sikra at ikkje saunaen flytta på seg.

Måtte ut og sikra den flytande saunaen

«Amy» hadde ikkje frest frå seg laurdag føremiddag. På Steinneset måtte Os Turnforening sitt mannskap ta affære.

Publisert Sist oppdatert

I den sterke vinden vart det godt med bølgjer innaskjers i Os hamn. Det fekk  det flytande sauna-anlegget til Os Turn merka. I halv tolv-tida laurdag var dagleg leiar i Os Turnforening, Vegard Leikvoll Moberg, og fleire andre nede for å sikra flytebryggja skikkeleg.

Christian Bugge og Vegard Leikvoll Moberg.

– Ved hjelp av ein kranbil frå Drange Kran og Transport fekk me plassert eit stort betonglodd som brannvesenet hadde ståande hos seg. Då fekk me noko skikkeleg å festa flytebryggja i. No ligg bryggja langt meir stabilt enn ho gjorde. Me takkar Drange Kran og Transport og Bjørnafjorden brann- og redning for god hjelp, seier dagleg leiar i Os Turn, Vegard Leikvoll Moberg.

Han legg til at handyman Christan Bugge er ein god mann å ha i slike situasjonar.

Powered by Labrador CMS