Butikkeigarar: Fleire av dei næringsdrivande i sentrum, meiner at parkeringssituasjonen har blitt verre i sentrum etter at kommunen innførte nytt tiltak.

Meiner at situasjonen i sentrum blei verre etter at bommen blei stengd til klokka 10

Fleire som driv butikk i sentrum, meiner å sjå at dei som tidlegare parkerte framfor rådhuset om morgonen, no har trekt inn i sentrumsgatene.

I slutten av januar gjekk eit samla næringsliv i sentrum ut i avisa og sa at det aldri før hadde vore så store utfordringar med parkering i sentrum. Kort tid etter gjorde kommunen eit tiltak som skulle betra situasjonen. Ordførar Trine Lindborg fortalde at bommane ved rådhuset skulle vera nede fram til klokka 10 på formiddagen, slik at ikkje dei som jobbar i sentrum og andre, skulle ta parkeringsplassane tidleg om morgonen. På sikt er det også aktuelt å få opp bom på den nye parkeringsplassen på andre side av vegen frå bussterminalen.

Det første tiltaket ser ikkje ut til å ha gjort situasjonen betre. Snarare tvert i mot.

Artikkelen held fram under annonsen.

– No er det bilar som står parkert heile dagen rett utanfor butikken min, seier Marianne Holmefjord – eigar av Os Blomsterservice.

Les også
Ledig ved Oseana: – Kvifor nyttar ingen p-plassane her?

– Mine tilsette får ikkje parkera i sentrum

Holmefjord har parkeringsplass ved taxiane på baksida av butikken. Denne er som regel aldri ledig.

– Det er alltid nokon som står parkert på plassen vi disponerer, seier Holmefjord og held fram:

– Eg meiner at tiltaket med bommen slo uheldig ut. Det er blitt meir kaotisk. Kanskje ein berre må opna opp att.

På det korte strekket frå krysset Øyro–Torggata, og bortover Torggata mot bommen, står det kvar dag parkert bilar både på høgre og venstre side av vegen, langs butikkane og langs rådhuset. Monica Sagen Jensen driv Max Dyrebutikk i Torggata. Ho føler at parkeringsproblemet har flytta seg etter innføringa av «10-bommen».

– Det er ikkje blitt fleire ledige parkeringsplassar sjølv om bommen er stengd lengre om formiddagen. Dei som tidlegare parkerte der om morgonen, har tilsynelatande trekt inn i sentrumsgatene, seier Sagen Jensen.

Les også
– Vi må gjera noko med parkeringsforholda i sentrum

Ho meiner at parkeringshuset kan fiksa problemet, men det er ei stund til det blir realisert.

– Eg parkerer som regel oppe ved Fjellheim, som regel står det berre éin annan bil der. Med andre ord er det god plass der. Eg har også parkert ved Oseana ved eitt høve. Der var det også rikeleg med parkeringsplassar. Folk må bli flinkare til å parkera på dei stadene, meiner eg, og ta beina fatt, seier Sagen Jensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Silja Døsen Moberg i Osøyro Kolonial ser ut vindauga og tvers over vegen mot parkeringsplassane der. Det er som regel fullt opp frå tidleg morgon.

– Det har ikkje hatt noko å seia at dei har stengd bommen. Folk har berre flytta seg inn her, kan det sjå ut til.

Døsen Moberg meiner at huseigarar og dei som driv verksemder i sentrum, må setja krav til sine.

– Ingen av mine tilsette får lov til å parkera i sentrum. Det trur eg ikkje dei gjer heller.

Parkering: Ordførar Trine Lindborg (Ap) er oppteken av å finna fram til ei god løysing saman med næringslivet i Os sentrum.

Går lei og køyrer til senteret

Medan Os & Fusaposten snakka med Døsen Moberg inne på Osøyro Kolonial, var det ei kvinne på doughnut-handling som melde seg på samtalen.

– Eg opplever å køyra fleire gonger rundt bygget her, og til slutt gir eg opp. Då reiser eg opp til senteret i staden for. Eg er dårleg til beins, og er avhengig av å kunna parkera i kort avstand, seier kvinna.

– Det kan jo ikkje vera slik at du må parkera ved Oseana om du skal kjøpa doughnuts her. Det seier seg sjølv. Det er ingen som gjer det. Diverre er det vanleg å høyra at kundar gir opp og køyrer vidare og handlar andre stader.

Les også
– Må vurdera ei Sesam Sesam-løysing igjen

Ordførar Trine Lindborg (Ap) er ikkje kjend med at fleire næringsdrivande i sentrum meiner at bom-tiltaket ikkje har ført noko positivt med seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette var eit forsøk frå vår side, og vi ønskjer å ha dialog med næringslivet i sentrum, slik at vi kan prøva ut noko anna om ikkje dette fungerte.

Lindborg trur ikkje det er noko løysing å opna bommen igjen frå tidleg morgon av.

– Då blir det i alle fall fylt opp tidleg. Det eg vil gjera, nok ein gong, er å oppmoda dei som jobbar i sentrum om å parkera andre stader, som ved Oseana eller Fjellheim.