Torsdag føremiddag vart det ifølgje hovudredningssentralen funne ei jolle i Fusafjorden.

Melder om funn av drivande jolle i Fusafjorden

Klokka 11.16 torsdag opplyser HRS Sør-Norge om at dei har funne ei jolle i Fusafjorden, sør for Os.

Meldinga står skrive på Twitter-kontoen til HRS Sør-Norge.

Dersom nokon har kjennskap til jolla, eller eig han, kan dei ta kontakt med politiet eller hovudredningssentralen, heiter det i meldinga.