Må sikra: BKK må sikra ein lyktestolpe etter ulukka.

Ulukka på Fanafjellet: – Bilen er henta av bilbergar, og vegen er open for fri ferdsel

FV 5158 ved Fanasæteren har vore stengd i fleire timar i ettermiddag etter at ein bil køyrde i ein lyktestolpe.

Trafikkuhellet vart meldt av 110 Vest på Twitter kl 14.21.

– Det skal vera to personar i bilen. Ingen skal vera fastklemte. Ulukka skal ha skjedd ved Fanasæteren, var beskjeden frå 110 Vest.

Artikkelen held fram under annonsen.

Like før kl 15 meldte Vegtrafikksentralen Vest at vegen var stengd etter ulukka, og at BKK måtte sikra lyktestolpen som ligg delvis over bilen.

Oppdatert: Klokka 17.03 skriv Vest politidistrikt at naudetatane er ferdige på staden.

– Bilen er henta av bilbergar, og vegen er open for fri ferdsel. Det vert oppretta sak på hendinga, skriv politiet.