Den gamle mineleggjaren "Tyr" vart ombygd til bilferje i 1949, og fekk namnet MS Bjørn West. Slik ser båten ut i dag.
Den gamle mineleggjaren "Tyr" vart ombygd til bilferje i 1949, og fekk namnet MS Bjørn West. Slik ser båten ut i dag.

Mineleggjaren «Tyr» hamna i Kvinnherad

Mineleggjaren KNM Tyr har hatt mange og ulike oppdrag i dei snart 130 åra fartyet har eksistert. I 2009 hamna båten hos eit veteranbåtlag på Sunde i Kvinnherad, og i 2011 vart den gamle kjempa freda.

For vel ein månad sidan skreiv me historia om dei to osingane Kåre Johnsen og Karl Røttingen som vart vitne til sjøslaget mellom mineleggjaren KNM Tyr og to tyske torpedobåtar i Strøneosen 9. april 1940.

Ei tid etterpå fekk me ei interessant melding frå Harald Søfteland, som kunne opplysa oss om at den gamle båten - som vart kjøpt av Brødrene Wilhelmsen og ombygd til bilferje i 1949 - er i Opsangervågen Veteranbåtlag si varetekt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søfteland sende oss også nyttig informasjon om den gamle kanonbåten som han har funne i boka «90 år under rent norsk orlogsflagg», skrive av Markus Thomasen. I tillegg fekk me ein kopi av ei side frå Sverre Mo si bok: Norske marinefartøy. Her er ei detaljert oppsummering av historia til skipet. (Sjå faktaboks)

Fekk vernestatus i 2011

Me tek kontakt med Halvard Hammerø, leiaren i Opsangervågen Veteranbåtlag, for å høyra litt om korleis stoda er for det gamle krigsfartyet.

- Me kjøpte MF Bjørn West i 2009, og prøver å restaurera og vedlikehalda båten etter beste evne. Arbeidet vert stort sett gjort på dugnad, med støtte frå private sponsorar, fortel Hammerø.

MS Bjørn West på slipp. Båten fekk vernestatus i 2011, og veteranbåtlaget på Sunde i Kvinnherad vedlikeheld det gamle krigsskipet etter beste evne.
MS Bjørn West på slipp. Båten fekk vernestatus i 2011, og veteranbåtlaget på Sunde i Kvinnherad vedlikeheld det gamle krigsskipet etter beste evne.
Illustrasjon og fakta henta frå boka "Norske marinefarøy".
Illustrasjon og fakta henta frå boka "Norske marinefarøy".

I 2011 fekk båten vernestatus av Riksantikvaren, og med det fekk veteranbåtlaget også litt økonomisk støtte derfrå, og seinare også frå Hordaland Fylkeskommune.

- Kva er gjort med båten etter at de overtok han?

- Båten har vore på slipp for botnbehandling, me har gjort ein del stålarbeid og elektrikararbeid og generelt vedlikehaldsarbeid. Me har ikkje så mykje midlar til rådvelde, så i hovudsak går det ut på å stoppa forfallet og halda dekk og maskinrom vedlike, seier Hammerø.

Ombygd fleire gonger

Kanonbåten «Tyr» blei bygd ved Marinens hovudverft i Horten i 1887. Fartyet var mobilisert i alle dei tre store krisesituasjonane for landet vårt i nyare tid; ved unionsoppløysinga i 1905, under 1. verdskrig og i aprildagane i 1940.

I 1913 vart «Tyr» gjort om til mineleggjar, og like etter 2. verdskrig vart båten seld til private og vart bygd om til tungløfteskip ved Gravdal Skipsbyggeri på Sunde. I 1949 var Tyr igjen ombygd, dette gongen til bilferja M/F Bjørn West - oppkalla etter Milorgbasen i Matrefjellet i Nordhordland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sprengte fleire tyske skip

I boka til Thomasen kan me lesa at TYR låg i Klokkarvik sør for Bergen natt til 9. april. Båten var fullasta med miner, og var klar til å leggja dei ut i sperringa over Lerøyosen.

Då meldinga om at framande krigsskip gjekk inn i Korsfjorden, gjekk TYR ut for å leggja ut minene. Etter at den sjuande mina var gått i sjøen, såg dei konturane av den tyske kolonna nærma seg i nattemørkret. Dei kom så nært at skipssjefen på TYR bestemte seg for å avbryta minelegginga i Lerøyosen.

Etter å ha lagt kursen nordover mot Grimstadfjorden, byrja TYR igjen å leggja ut miner i innløpet til Vatlestraumen. Tyskarane, som avanserte med seks knop, var like ved, men likevel klarte TYR å leggja 16 miner før han sette kursen mot Dolvik. Ingen av minene detonerte då den tyske styrken passerte.

Men om kvelden (kl. 2300) kom det tyske transportskipet «Sao Paulo» på 5300 tonn nordover med krigsmateriell til dei tyske styrkane i Bergen. Skipet støtte på ei av minene TYR hadde lagt ut i Vatlestraumen, og gjekk ned. Neste kveld leid to tyske fiskefarty, Schiff 9 og Cremon, same skjebne då dei var ute i Vatlestraumen for å sveipa farvatnet.

Den 27. april gjekk det tyske transportskipet «Liege» på 8500 tonn på ei av minene TYR hadde lagt ut i Lerøyosen. Skipet måtte strandsetjast for ikkje å søkkja.

Heltemodig innsats

Boka «90 år under rent norsk orlogsflagg» skildrar også eit anna spesielt mineleggingsoppdrag utført av kapteinen på TYR:

Den 11. mai gjekk sjefen på TYR, kaptein Ulstrup, med skøyta «Rymannen» lasta med miner til Eide på Sotra. Her lasta dei ei av minene på ein bil, køyrde ho tvers over øya, fekk ho om bord i ei snekke bemanna med fire mann - og slapp henne deretter ut midt i segllaupet i den nordlege delen av Vatlestraumen.

Snekka kantra då mina blei tippa over bord, men ho kom på plass og mannskapet klarte å symja i land. Alt dagen etter gjekk eit tysk handelsskip på 4000 tonn på mina og sokk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då dette hende var forsvaret av Sør-Noreg for lengst oppgjeve, og TYR var komen på tyske hender. Etter fleire heltemodige kampar mot tyskarane i Hardanger, blei TYR til slutt borda av matrosar frå to tyske motortorpedobåtar 20. april. Båten låg då stille medan besetninga vart sett i land for å kvila ut.

Etter at tyskarane overtok TYR, blei båten teken i bruk som mineleggjar i den tyske marine. Etter krigen blei TYR tilbakelevert til den norske marine.

? Bygd: Carljohansværns Værft i Horten

? Sjøsett: 16. mars 1887

? 1913: Ombygd til mineleggjar

? 20. april 1940: Kom på tyske hender

? 1945: Tilbakelevert og utrangert

? 1946: Tungløfteskip for PR Tyr, Bergen

? 1949: Selt til private og ombygd til bilferga MF Bjørn West

? 1971: Bergen-Nordhordland Trafikklag

? 1974: Bergen-Nordhordland Rutelag

? 1980: AS Sahi, Bergen, ombygd til tungtransport

? 1988: Rolf Wee Transport, Haugesund

? 1995: Ronglaks AS, Rong, Øygarden

? 2007: Os Entreprenørservice AS, Os

? 2009: Opsangervågen Veteranbåtlag, Sunde