Innsatsleiar Henning Hegbom fortalde at dei hadde store mannskapar ute som deltok i søket fredag føremiddag.

Trappa opp søket etter den sakna

Søket etter ein mann i 20-åra pågjekk for fullt natt til fredag.

Publisert Sist oppdatert

Natt til fredag var 15 personar frå Røde Kors i søk. Det hadde også vore søkt med drone, og hundar frå Norske redningshunder. Sivilforsvaret deltok, og politiet søkte med eigen hundepatrulje. 

Politiet opplyste då at dei hadde mottatt enkelte tips. 

Søket vart trappa opp utover morgontimane, og det vart sendt ut ny utkalling av frivillig mannskap. 

Sivilforsvaret vart kalla inn.

— Sjekk uthus og garasjar

Kl. 17.23 torsdag melde politiet at det framleis pågjekk eit omfattande søk i området Hålandsdalen/Holdhus. 

— Det er ønskjeleg at bebuarar i området sjekkar uthus, garasjar, låvar og liknande, skreiv operasjonsleiar Tore-André Brakstad på Politiloggen.

Fredag vart søket trappa ytterlegare opp.

Mannen i 20-åra vart natt til torsdag meldt sakna frå heimen sin, og politiet starta kort tid etter søk med politihund, mannskap frå Røde Kors, Norsk Folkehjelp og Norske Redningshunder. 

Sidan torsdag morgon deltok også eit redningshelikopter frå HRS Sola i søket. 

Røde Kors bidrog med mannskap.
Powered by Labrador CMS