Fagbev: Monica Håland har fått fagbrev og eige ansvarsområde hos Malermester Kvittingen AS. 23-åringen er supernøgd med jobben.

Monica ante ikkje at ho ville bli målar før ho prøvde det

— Jobben min er langt meir allsidig og variert enn det folk trur. Eg er strålande nøgd med å ha hamna i eit yrke der eg trivst så godt, seier Monica Håland.

For tre og eit halvt år sidan fekk ho ein telefon frå malermeister Terje Kvittingen. Han ville la ho prøva seg i målaryrket. Sidan har det gått slag i slag. Sist veke fekk 23-åringen fagbrevet sitt.

— Eg hadde prøvd meg på fleire ting, både innan utdanning og jobb. Eg visste rett og slett ikkje kva eg ville bli, fortel ungjenta frå Lekven.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter å ha prøvd naturbruk-linja på Stend vidaregåande skule og elektrolinja på Voss og Årstad, stod Monica fast. Hjelpa kom frå Malermesternes opplæringskontor i Fyllingsdalen.

— Dei spurte om eg kunne vera interessert i å prøva målaryrket. Eg tenkte, eg kan jo ikkje vita om eg liker det eller ikkje, utan å ha prøvd, ler 23-åringen.

Fekk napp i heimkommunen

Nokre dagar etter at ho hadde takka ja til å prøva, fekk Monica telefon frå Terje Kvittingen. Målarfirma-eigaren frå Os hadde lyst til å gje Monica ein sjanse. Det skulle visa seg å vera god match.

— Det var jo litt flaks at eg skulle få napp hos eit firma i heimkommunen, sjølv om det nok var ein omveg å gå via Fyllingsdalen for å få det til, humrar Monica.

Ho treivst godt i målaryrket og vart etter kvart lærling.

— Ettersom eg ikkje hadde rett type utdanning, måtte eg ha lengre læretid. Tre og eit halvt år brukte eg før eg no sist veke fekk høve til å ta fagbrevet mitt, fortel ho.

Terje Kvittingen konstaterte kjapt at Monica hadde det som skulle til.

— Ho er ein veldig flink medarbeidar. Tolmodig og fagleg sterk. Ho har god stå-på-evne og er alltid til å stola på. Me vil ha fleire av hennar kaliber, smiler Kvittingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han fortel at det jamt over er vanskeleg å rekruttera ungdomar til dette yrket.

— Mange har fordommar og trur at yrket er veldig einsidig. Det er det ikkje. Det kan nok Monica skriva under på. Ho har ein veldig variert arbeidskvardag her hos oss, seier Kvittingen.

Klar for jobb: Monica startar ofte dagen i lokala til Malermester Kvittingen i Os. Her i lag med dagleg leiar Terje Kvittingen.

«Meget bestått»

Monica tok fagprøven på opplæringskontoret i Fyllingsdalen sist veke.

— Det var ein omfattande prøve med måling, tapetsering, opprusting av ei dør og golv-legging, fortel ho.

— Og det gjekk fint, skjønar me?

— Ja, eg fekk «Meget bestått», så det tyder vel på at eg gjorde ein god og grundig jobb og fekk vist at eg meistrar faget, seier 23-åringen.

Fleire med fagbrev: Sander Fagerbakke Kvittingen og Adrian Halstensen har også teke fagbrev for målarmeisterfirmaet i Os nyleg.

Totalt har tre medarbeidarar i Malermester Kvittingen AS teke fagbrev det siste året.

— Det er sonen min, Sander Fagerbakke Kvittingen, Adrian Halstensen og Monica. I tillegg har me to som skal opp til fagprøven til sommaren, fortel Kvittingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Så det er tilvekst trass i litt dårleg rekruttering?

— Jaudå, men ikkje meir enn at eg må ut og hanka inn fleire lærlingar ganske snart. Me er litt i overkant av 20 medarbeidarar i firmaet, men oppdraga er mange, så me treng å få inn fleire folk, understrekar Terje som starta firmaet tilbake i 2003.

Nytt oppdrag: Monica på veg ut på nytt oppdrag.

Eige ansvarsområde

Monica har no fått fast jobb i firmaet og også eit eige ansvarsområde som omfattar administrativt arbeid.

— Eg skal ha ansvaret for forsikringsjobbane. I samband med det, har eg også fått lov til å prissetja jobbar og slikt. Det er spennande, fortel Lekven-jenta.

Også ute i felten opplever ho jobben som svært allsidig.

— Det handlar om å kunna alt av overflatebehandling på golv, tak og vegger. For meg som mest har såkalla forsikringsjobbar, går det i å utbetra skadar etter vasslekkasjar, brann og anna. Det eg liker best, er at eg får ansvaret for heile jobben og dermed får eit ekstra eigarskap til det eg gjer.