UP: Motorsyklisten vart ferska av UP. Her frå eit tidlegare oppdrag.

Motorsyklist i 20-åra mista førarkortet

127 km/t i 50-sona sikra Bjørnafjorden ein ny fotgjengar.

Tysdag hadde Utrykningspolitiet fartskontrollar fleire stader i Bergensområdet.

Ulukkesbelasta vegar blir prioritert. Og sjølv om det vert rapportert om mykje fin køyring, er det likevel nokre som skil seg veldig ut, opplyser politiinspektør Eivind Hellesund.

Artikkelen held fram under annonsen.

Frå kl. 19 til 20.30 stod UP på Lyseklostervegen. I tillegg til tre forenkla førelegg, der høgste fart var 63 km/t, mista ein mannleg motorsyklist i 20-åra førarkortet.

Det sytte 127 km/t i 50-sona for.

— Sommarmånadane skil seg ut i statistikken med fleire ulukker med drepne eller hardt skadde enn resten av året. Vi oppmodar trafikantane til å følgja trafikken og fartsgrensene. Altså å unngå og køyra for fort, men samtidig sleppe forbi om du lagar kø eller at nokon vil forbi, seier Hellesund.