Regjeringa vil gje fleire born rett til barnehageplass. Lovforslaget får ifølgje ei pressemelding verknad alt frå i haust. (Illustrasjonsfoto)
Regjeringa vil gje fleire born rett til barnehageplass. Lovforslaget får ifølgje ei pressemelding verknad alt frå i haust. (Illustrasjonsfoto)

No kan du få barn i oktober

Tidlegare var det berre born fødd før 1. september, som hadde rett på barnehageplass året etter. No er fristen for å føda utsett til 31. oktober.

15. april la regjeringa fram eit lovforslag som gjev born fødd i september og oktober, rett på barnehageplass frå august året etter. Tidlegare måtte borna vera fødd før 1. september for å vera sikra barnehageplass året etter.

- Pengane er løyvde, og lovendringa fremja, så alt no kan kommunane følgja opp med informasjon til foreldra, skriv stortingsrepresentant Laila Reiertsen (Frp) i ein e-post til «Os og Fusaposten».

Artikkelen held fram under annonsen.

På regjeringen.no heiter det at ein med lovforslaget reduserer ventetida for born fødd i september og oktober med høvesvis 11 og 10 månader.

- Regjeringa og samarbeidspartia vil gje fleire born mogelegheit til å gå i barnehage. Difor utvidar vi retten, og gjev 9.600 fleire born rett til barnehageplass alt frå hausten 2016, uttalar kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) i ei pressemelding.

- Det er opp til foreldra om dei ønskjer barnehageplass frå august, eller om dei vil venta til den månaden barnet fyller eitt år, legg kunnskapsministeren til.

Ifølgje pressemeldinga har regjeringa sett av 740 millionar kroner i statsbudsjettet for å redusera ventetida på barnehageplass. I kommuneramma er det også lagt inn betydeleg summar slik at kommunane kan tilby plass også til dei borna som ikkje har rett på plass, heiter det.

I pressemeldinga går det også fram at regjeringa vil styrkja tilbodet til born med særlege behov, og sørgje for at desse borna får tydlegare rettar i barnehagelova.