Mange ulukker: - Den siste tida har det vore mange MC-ulukker i vårt distrikt, seier trafikkansvarleg Sindre Lekven Hallem ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Nok ei MC-ulukke: — Det vi var redde for kom til å skje, har skjedd

Tidlegare i sommar fortalde Sindre Hallem om ein stor auke i trafikkrelaterte saker og at motorsyklar har vore spesielt synlege.

— Det vi var redde for kom til å skje, har skjedd. Vi frykta ein auke i ulukker. Den siste tida har det vore mange MC-ulukker i vårt distrikt, men også fleire andre stader, fortel trafikkansvarleg ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Sindre Hallem.

Tidlegare i sommar har det vore ei handfull ulukker med motorsyklar involverte. Sist veke åleine, var det tre. Dei siste av dei, ei singelulukke på Skeisstøa laurdag kveld.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Den siste ulukka har vi avgrensa informasjon om per no. Det var ein patrulje frå Fyllingsdalen som rykte ut på den. Det var ein mann i 50-åra som køyrde motorsykkelen. Det er mistanke om ruskøyring, fortel Hallem.