I trøbbel: Ein feilparkert bil ved Halhjem ferjekai skal ha skapt problem for ein lastebilsjåfør laurdag.

Ny feilparkering på Halhjem: Bileigar fekk bot

Feilparkerte bilar held fram med å vera eit problem ved ferjekaien.

Den feilparkerte bilen resulterte i at nokon ikkje fekk utført jobben sin.

— Det var ein lastebil som ikkje kom til, og som ikkje fekk utført arbeidet sitt skikkeleg. Politiet rykte ut og det blei skrive eit gebyr, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet fortel om eit trafikk-relatert oppdrag til frå loggen. Ein mann i slutten av 20-åra blei stoppa natt til søndag i halv fem tida. Det viste seg at han ikkje hadde gyldig førarkort, og han vil bli meld for dette.