Konklusjon: Regjeringa vil måndag kveld koma tilbake til konklusjonen om kva for tiltak som skal innførast, seier FHI-direktør Camilla Stoltenberg.

Hasteinnkallar til pressekonferanse kl 20: Nye tiltak kan koma i kveld

Allereie måndag kveld kan det koma nye tiltak. Meir munnbindpåbod og nye avgrensingar i utelivsbransjen er blant tiltaka som er aktuelle.

Helseminister Ingvild Kjerkol (Ap) har site i møte med kommunane og fleire faginstansar måndag formiddag, ifølgje VG og Dagbladet.

Les også
– Er truleg berre snakk om dagar før vi har omikron hjå oss også
Les også
Ny smitterekord igjen. Over dobbelt så mange smitta som veka før

Kjerkol varsla då at nye tiltak kan bli presentert på ein pressekonferanse måndag ettermiddag eller kveld, ifølgje opplysningar til VG. Ei sentralt plassert kjelde stadfestar overfor NTB at dette er ei moglegheit.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle kjende kontaktreduserande tiltak blir vurderte, og kva konklusjonen blir, vil regjeringa koma tilbake til seinare i kveld, seier direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet (FHI) til avisa.

Meir munnbindpåbod og nye avgrensingar på idrettsarrangement og i utelivsbransjen er blant tiltaka som kan komme, ifølgje opplysningar til Dagbladet.

Les også
Støre: – Vi ser at vi treng meir kraftfulle tiltak

Det er òg snakk om å stramma inn trafikklysmodellen i skulane nasjonalt.

Dagbladet får dessutan opplyst at apoteka og kanskje òg Forsvaret blir bedne om å bidra til vaksinasjon. I tillegg blir det snakka om å korte ned intervallet mellom dose to og tre frå fem månader til fire og ein halv.