Nødvendig: Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) meiner smitteauken gjer det nødvendig med meir kraftfulle tiltak fram mot jul.

Støre: – Vi ser at vi treng meir kraftfulle tiltak

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) stadfestar at koronatiltaka må strammast inn på nytt.

– Situasjonen er alvorleg. Smittespreiinga er for høg. Og vi er nøydde til å treffa tiltak for å avgrensa den utviklinga, seier statsministeren.

Sjukehusinnleggingane er høgare enn nokon gong før i pandemien, med 358 innlagde måndag. Samtidig held smitten fram å stiga, og berre førre veke vart det registrert i overkant av 32.000 nye tilfelle. I ei ny risikovurdering spår Folkehelseinstituttet (FHI) at omikronvarianten vil føre til «betydeleg auka smittespreiing» framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Nye tiltak kan koma i kveld

Støre seier målet no blir å kontrollera smitten gjennom vinteren.

– Det har to hensikter, seier han.

– Det eine er å unngå at helsevesenet blir overbelasta, slik at det går ut over jobben dei skal gjera, både i sjukehusa og i kommunane. Det andre er å sørgja for at den sosiale og økonomiske belastninga ikkje blir større enn nødvendig.

Les også
– Er truleg berre snakk om dagar før vi har omikron hjå oss også
Les også
Ny smitterekord igjen. Over dobbelt så mange smitta som veka før

Omikron «endrar spelereglane»

Det er omikron som utfordrar oss, fastslår statsministeren.

Så langt er det påvist 958 tilfelle av den nye virusvarianten i Noreg. Omikron er truleg meir smittsam enn tidlegare variantar, og vaksinane ser ut til å gi dårlegare vern mot smitte.

Samtidig er det håp om at varianten kan vera mildare enn delta. Men dette er framleis usikkert.

– Omikron endrar spelereglane. I dag har vi ikkje nok kunnskap om mutasjonen, seier Støre.

Han understrekar at kapasiteten i helsevesenet må vernast. Samtidig er høgt sjukefråvær ei bekymring.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det krev at vi fortløpande justerer tiltaka våre. Og det er vi òg nøydde til å gjera no inn mot jul.

– Ja, med den utviklinga vi ser no, vil det koma nye tiltak.

– Det kjem vi raskt tilbake til. Vi jobbar med dette kvar dag og får løpande oppdateringar, og FHI og Helsedirektoratet tettar kunnskapshol. Men det er no særleg Folkehelseinstituttets analysar av spreiinga og veksten i smittetakten som vi legg til grunn for tiltak.

Smittevern og vaksinasjon

Statsministeren varslar at dei nye tiltaka vil gå langs to spor.

Det eine er å flata ut smittespreiinga ved å avgrensa talet på sosiale kontaktar.

– Det er all grunn til å tru at dei tiltaka som er innførte, har effekt på smitten. Men slik situasjonen er no, har vi ikkje tid til å venta og sjå effekten av dei tiltaka som alt er innførte, seier Støre.

Det andre er vaksinasjon.

– Der er vi godt i gang. Men vi ser på moglegheita for å gjera det endå betre.

Artikkelen held fram under annonsen.

Støre går ikkje meir konkret inn i korleis dette kan skje, men eitt spørsmål som helsestyresmaktene har hatt oppe til vurdering den siste tida, er vaksinasjon av barn i alderen fem til elleve år.

Eit anna spørsmål er utrullinga av tredje dose for vaksne.

Lovar julefeiring

Varselet om nye innstrammingar kjem mindre enn ei veke etter førre tiltakspakken til regjeringa.

Men slike endringar må vi berre venna oss til, meiner Støre. Han understrekar at han var påpasseleg med å ta atterhald om dette då den førre tiltakspakken vart presentert.

– Eg sa òg då at vi kan måtta koma tilbake med nye tiltak raskt. Og får vi kunnskap om det, så vil vi ikkje nøla.

– Vi må førebu oss på tiltak som dessverre grip inn i kvardagen til folk.