Ukjend smitteveg: Smittevegen er førebels ikkje kjend. Det opplyser Bjørnafjorden kommune.

Nytt tilfelle av covid-19 - ukjend smitteveg

Det opplyser kommunen.

Ein mann i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19. Smittevegen er førebels ikkje kjend. Det opplyser Bjørnafjorden kommune.

- Smittesporing og kartlegging av nærkontaktar er i gang, melder assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dette er det fyrste tilfellet i Bjørnafjorden sidan 17. september.