politi, Politi, lensmannsrunden,
Politiet var laurdag kveld på staden og gjorde åstadsundersøkingar,

Omfattande hærverk på skule: — Fleire ruter er knuste

Politiet er interessert i tips.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag kveld vel kl 23 fekk politiet melding frå ein representant frå kommunen om det som skal vera omfattende skadeverk på Kuventræ skule.

— Skade på vindu og dører. Brannalarmen skal ha blitt utløyst som følge av dette. Politiet er på staden og gjer åstadsundersøkingar, opplyser operasjonsleiar Frode Kolltveit laurdag kveld.

Kuventræ skule.

Blant anna skal fleire ruter på fleire ulike bygg vera knuste. 

Politiet er interessert i tips på observasjonar av personar og/eller køyretøy som kan ha opphalde seg på eller ved skulen i løpet av laurdagskvelden. 

Desse kan meldast til politiet på tlf. 02800.

Oppdatert kl 00:25: 

Politiet har no avslutta på staden. 

— Gjerningsperson(ar) har vore inne på skulen. Det er også gjort skadeverk på ein del datautstyr inne på eit rom, opplyser operasjonsleiaren. 

Det er så langt ukjent om noko er stole. 

Det skal vera gjort skadeverk på tre bygg. Totalt 18 ruter skal vera knuste. 

Politiet har oppretta sak.  

Powered by Labrador CMS