Oppmoding: Foreldre vert oppmoda til å vera med borna på leikeplassen, og til å desinfisera dei stadene barnet tar på før og etter leiken.

Opnar opp: Slik er retningslinjene for leik på leikeplassar

Born kan no leika på leikeplassar i små grupper. Slik er retningslinjene.

Bjørnafjorden kommune følgjer dei nasjonale retningslinene for organisert aktivitet ved utandørs idrettsanlegg og leikeplassar.

Dette betyr at born no kan leika på leikeplassar i små grupper (fem personar inkludert vaksne) og at inntil fem personar kan driva organisert trening på utandørs idrettsanlegg, under føresetnad av at alle følgjer retningslinjene og hindrar smittespreiing.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Merk at leikeområda ved enkelte skular og barnehagar ikkje er opne for allmenn bruk. Ver venleg å respektere skilting i desse tilfella, påpeikar kommunen på sine heimesider.

Private skular og barnehagar bestemmer sjølve om deira uteområde skal vera opne med dei same restriksjonane som for dei kommunale skulane og barnehagane. Det same gjeld private leikeplassar og nærmiljøanlegg.

Retningslinjer for bruk av leikeplassar og uteområde

Maksimalt fem personar, inkludert vaksne, i ei gruppe

Hald to meters avstand til barn/personar som ikkje er i same husstand som deg

Vis god hand- og hostehygiene

Spytting er forbode!

Foreldre vert oppmoda til å vera med borna på leikeplassen, og til å desinfisera dei stadene barnet tar på før og etter leiken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hugs grundig handvask før de går ut og når de kjem heim!

Les også
Kommunen opnar opp for banebruk igjen