Elvehuset: Jostein Eck på Elvehuset heldt pusten før julebordsesongen. No kjem det tiltak som får innverknad på serveringsbransjen.

Ordføraren kjem med melding til serveringsbransjen som nok ein gong må hiva seg raskt rundt

Ordføraren konstaterer at utelivs- og serveringsbransjen nok ein gong må hiva seg raskt rundt.

– Nok ein gong er det ein bransje som raskt må hiva seg rundt for å følgja nye smittevernreglar. Dette i ei tid på året kor ein sjølvsagt har førebudd seg på at ting er begynt å normalisera seg, og ein ser framover, kommenterer Trine Lindborg.

Les også
Har 450 bordbestillingar. Har likevel hjartet i halsen

Ho påpeikar at det er «svært viktig og heilt nødvendig å støtta opp om denne bransjen no».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi vil så raskt som mogleg tilby eit møte med næringa. Vi vil sjå kva vi kan bistå med av hjelp, og vi skal fort få avklara om vi lokalt kan få nytta nokre midlar frå førre statlege tiltakspakke medan me ventar på nye statlege ordningar og avklaringar, seier Lindborg.

Ifølgje ordføraren starta dette arbeidet i dag.

Les også
Tiltaka trer i kraft kl 21: – Vi treng felles, forsterka smitteverntiltak
Les også
Regionale smitteverntiltak frå fredag kveld: Påbod om heimekontor «der det er mogleg»