Kva ser vi for oss i framtida i Os? Vil vi ha ein «Manhattan-by» med høge skyskraparar, vil vi ha rekkjehus så tett at det mest ikkje er mogeleg å koma seg mellom? Kva meiner vi med fortetting? Diskusjon og engasjement er viktig, meiner foredragshaldar Aina Tjosås.
Kva ser vi for oss i framtida i Os? Vil vi ha ein «Manhattan-by» med høge skyskraparar, vil vi ha rekkjehus så tett at det mest ikkje er mogeleg å koma seg mellom? Kva meiner vi med fortetting? Diskusjon og engasjement er viktig, meiner foredragshaldar Aina Tjosås.

Os i 2040 – 40.000 innbyggjarar - kvar går vegen?

Når ein tenkjer i barneperspektiv, vert det oftast ein vinn-vinn-situasjon for mange aldersgrupper, påpeika kommunalsjef Aina Tjosås i sitt foredrag for Os senioruniversitet.

Det vert sagt at det er vanskeleg å spå, særleg om framtida. Og det var heller ikkje spådomar kommunalsjef Aina Tjosås la fram for dei om lag 110 tilhøyrarane i Os Senioruniversitet.

I eit engasjert foredrag peika ho på kva utfordringar, krav og haldningar som ligg til grunn for vala Os kommune må ta i utviklinga fram mot 2040.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med staben sin har kommunalsjefen m.a. ansvar for bustadplanlegginga i bygda. Men ho presiserte at uansett kva ønske dei har og utvikling dei ser for seg, så er det dei politisk folkevalde som har det avgjerande ordet.

Har tråkla mykje

Tjosås meinte at ho hadde ein bakgrunn som hadde rusta henne godt for denne jobben; oppvaksen i Øystese og van med motbakkar samt erfaring frå saumverkstad der ho måtte tråkla mykje og laust før den endelege tilpassinga kunne gjerast.

Kva ser vi for oss i framtida i Os? Vil vi ha ein «Manhattan-by» med høge skyskraparar, vil vi ha rekkjehus så tett at det mest ikkje er mogeleg å koma seg mellom? Kva meiner vi med fortetting? Eitt er sikkert, Os veks, kommunen hadde i andre kvartal i 2017 ei auke på 178 innbyggjarar, langt meir enn Bergen auka i same tidsrom. Det tyder fire skuleklassar meir kvart år.

Viste til Kina

To bilete vart synt frå byen Shenzhen i Kina. Han voks frå 200.000 innbyggjarar til 12 millionar på om lag 40 år. Og det gjekk bra!

Os må kunna klara ei utfordring som er langt mindre! Men ei dobling av folketalet frå 20.000 til 40.000 krev mellom anna ei dobling av barnehage-,skule – og sjukeheimsplassar. Kor og korleis skal ein finna plass til desse? Kor skal sentra i bygda plasserast og utviklast?

Å sikra areal er vanskeleg. Det er mange – og gjerne motstridande - omsyn å ta, t.d. jordbruksomsyn, tilkomst, trafikkale tilhøve, utslepp, fornminne, nærleik til friområde og eksisterande byggmasse. Det er vanskeleg å finna stader kor alle desse tilhøva ligg godt til rette. Viktigare enn å finna ut kor ein skal byggja, er å finna ut kor ein ikkje skal gjera det.

Den største endringa?

Spørsmålet er: Kva vert den største endringa for Os i åra som kjem? Utvilsamt endringane som følgjer med ny E39 som fører inn i Os gjennom Endelausmarka og over Svegatjørn. Ei endring som til dømes gjer Lysefjorden mykje meir sentral. Endelausmarka ligg i dag open og tom med store veganlegg, men kva skal området fyllast med og korleis?

For å sjå framover, kan det vera lurt å sjå litt attende. Tjosås viste fram plankart og bilete frå Os frå slutten av 1800-talet og fram til i dag. Mykje av det som tidleg vart planlagt, er gjennomført på ein god måte. Sjølv om ein i dag ikkje ville vald same plasseringa for bensinstasjonar og rutebilsentral.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kva gjorde dei som var før oss rett og kva gjorde dei feil? Kva kan vi læra av dette? Kva skal skje vidare?

Aina Tjosås og administrasjonen hennar har ansvar for å henta inn informasjon, tenkja og laga utkast til planar. Vi må vera kloke, for vi tek avgjerder for neste generasjon, eit stort ansvar, hevda ho.

Livskvalitet for alle

Eit mål for Os kommune er Livskvalitet for alle. I kommunalsjefen sitt språk tyder dette gode kvardagsliv for alle. Når alt vi tek som sjølvsagt; Vatn, trafikkflyt, kloakk, straum o.a. går av seg sjølv, då lukkast vi som kommune.

- Kven planlegg vi eigentleg for, spurde foredragshaldaren. Og hevda at ungar er ein god målestokk for planlegginga.

Korleis oppfattar dei tilhøva? Gjennom prosjektet Barnetråkk blir borna spurde om snarvegar og lure vegar å gå. Dei veit mykje. Deira meining og observasjonar er viktige. All lokalkunnskap er viktig å ta med seg, så forsamlinga vart oppmoda om å møta på folkemøte og koma med sine erfaringar og innspel.

Når det kjem lys på gangvegane for skuleborna, så viser det seg at dette og kjem andre til gode. Vegane blir og meir nytta av unge og vaksne til tur, sykling og anna trim. Og når ein set opp hus kring såkalla tun, så gjev dette ungane trygge leiketilhøve samstundes som og vaksne i større grad møter kvarandre og kan få sosial kontakt. Når ein tenkjer i barneperspektiv, så vert det oftast ein vinn-vinn-situasjon for mange aldersgrupper!

Aina Tjosås summerte opp innlegget sitt med følgjande moment:

• Vekst er betre enn nedgang

Artikkelen held fram under annonsen.

• Alt må planleggjast med tanke på menneska – gode kvardagsliv

• Samfunnsplanlegging er ikkje ein eksakt vitskap

• Diskusjon er viktig og naudsynt

At det og vidare vil bli diskusjonar om utviklinga i bygda, kan det ikkje vera vanskeleg å spå om.

Og så gjekk seniorane til tradisjonell og velsmakande adventslunsj i restauranten.

Lill-Karin Wallem

Os Senioruniversitet

jostein@osogfusa.no