Dei to lokallagsleiarane Bjarte Samnøy (Fusa) og Helge Olav Nygard (Os) fekk med seg oppmuntringar frå Knut Arild Hareide.
Dei to lokallagsleiarane Bjarte Samnøy (Fusa) og Helge Olav Nygard (Os) fekk med seg oppmuntringar frå Knut Arild Hareide.

På veg mot Bjørnafjorden KrF

Partileiar Knut Arild Hareide vitja måndag kveld Eikelandsosen der lokallaga til KrF i Samnanger, Fusa og Os inviterte til festmøte.

Knut Arild Hareide heldt ein politisk tale der han trakk fram pleiepengar og lærarnorm som dei viktigaste sakene KrF fekk gjennomslag for i forhandlingane med regjeringa om budsjettet, fortel Jakob Enerhaug i Os KrF og legg til at dette er viktige saker for KrF og i samsvar med verdiane til partiet.

Enerhaug fortel om stort engasjement og mange spørsmål og kommentarar frå salen under møtet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Knut Arild Hareide fekk med seg gode innspel og oppmuntringar frå partifellene i Bjørnafjord-regionen.

Etter festmøtet hadde Fusa KrF og Os KrF sine respektive årsmøte. Der vart prosessen med å skulla etablera eit nytt Bjørnafjorden KrF og avvikla dei gamle partilaga, vedtekne. Dette skal etter planen skje 31. mai 2018.

jostein@osogfusa.no