Endå eitt tilfelle: Endå ein pasient ved Luranetunet har fått påvist covid-19, melder kommunen laurdag.

Pasient ved Luranetunet har fått påvist covid-19

Nok ein pasient ved Luranetunet har fått påvist covid-19.

Pasienten, som ikkje er ein fast bebuar, er fullvaksinert. Tilfellet har samband med dei tre andre smittetilfella ved sjukeheimen, som kommunen meldte om 27. og 28. mai.

Ein tilsett ved Luranetunet testa positivt for covid-19 27. mai. Alle tilsette og bebuarar ved den aktuelle avdelinga vart testa, og éin bebuar og éin tilsett fekk påvist covid-19 28. mai, skriv Bjørnafjorden kommune på heimesida si.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi har grunn til å tru at dette utbrotet har starta med ein uvaksinert person, og ikkje nokon som er fullvaksinerte, seier assisterande kommuneoverlege, Jonas Nordvik Dale.

– Vaksinen gjev 95 prosent beskyttelse, men det er altså likevel fem prosent sjanse for at ein kan bli smitta. Det er svært låg risiko for at ein fullvaksinert person kan smitta andre, og endå lågare risiko for at ein fullvaksinert person utviklar alvorleg sjukdom som følgje av viruset, påpeikar Nordvik Dale.

Les også
Ein tilsett ved Luranetunet har fått påvist smitte - er fullvaksinert
Les også
To nye smittetilfelle ved Lurane: - Vi kjem til å testa hyppig