Helikopter: Eit privat helikopter heng over Liafjellet på Moberg.

Privat helikopter deltek i søk etter to jenter på Liafjellet. Politiet avventar, men har sendt hundepatrulje i tilfelle.

To 13 år gamle jenter skal vera sakna etter ein klassetur til Liafjellet i dag.

Jentene skal ha vore på tur med klassen frå Nore Neset ungdomsskule til Liafjellet, men ikkje ha vore med då klassen kom ned igjen.

I fylgje Midtsiden.no deltek familiemedlemer, folk frå skulen og eit privat helikopter i søket.

Artikkelen held fram under annonsen.

Operasjonsleiar Stine Mjelde ved Politiets Operasjonssentral, fortel at politiet enno ikkje har starta nokon leiteaksjon.

— Men vi har sendt ut ein patrulje til ungdomsskulen for å snakka med dei som deltok på klasseturen. Førebels er det litt uklart for oss om jentene var med på turen eller ikkje.

Ikkje trykt på den store knappen

Mjelde fortel at politiet enn så lenge ikkje har «trykt på den store knappen» og sett i gong ein leiteaksjon.

— Det er ein privat entreprenør i området som deltek med helikopter i søket på eige initiativ.

Politiet har valt å senda ein hundepatrulje frå Bergen som kan hjelpa til dersom det skulle visa seg å vera behov.

— Det er ei fortløpande vurdering frå politiets side om det er grunn til å starta ein redningsaksjon. At det er god temperatur på staden og at dei var to i fylgje, gjer oss litt mindre bekymra. Men, det er klart, har dei kome ut for noko og det er fare for liv og helse, så må vi jo leita etter dei, seier Mjelde.