Helikopter: Eit privat helikopter deltok i søket i ettermiddag.

Rektor stadfestar: Jentene er komne til rette

Dei to 13-åringane er begge i god behald.

Leiteaksjonen etter dei to sakna 13-åringane er dermed avblåst.

— Jentene er komne til rette, og det er vi sjølvsagt veldig glade for, seier rektor Øystein Holmås ved Nore Neset ungdomsskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var i ettermiddag at private starta ein leiteaksjon etter at jentene ikkje var å finna etter ein klassetur til Liafjellet.

Familien takkar no alle som var med i leitinga etter dei to. Dei rettar ein ekstra takk til dei to damene som skal ha høyrt ropa til dei to jentene, og også til dei to som søkte med helikopter.