(
(

Rusa mann gjekk til angrep

Natt til fredag rykte politiet ut etter å ha fått ei alvorleg melding.

– Det var ein familie i Os som melde frå om at ein familiemedlem var utagerande. Dei hadde forlate bustaden og var redde, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Då politiet kom til staden fann dei ein rusa mann i 20-åra.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mannen oppførte seg ikkje bra, og er meldt for vald og truslar mot offentleg tenestepersonell. Han sit i arresten. I dag skal vi undersøkja meir i forhold til andre familiemedlem, om det er nokon som blei skadd i natt. Mannen var i konfrontasjon med familiemedlem. Ei alvorleg sak, seier Hadler-Olsen.