Begge dei to som var involverte i tumultane i sentrum i natt, vart tekne inn til avhøyr.
Begge dei to som var involverte i tumultane i sentrum i natt, vart tekne inn til avhøyr.

Rusa mann vart sett i arresten etter å ha forulempa politiet

Ein rusa mann vart på grunn av bråk og uro beden om å forlata Os sentrum i 20-tida fredag. Men framfor å gjera som han fekk beskjed om, forulempa han politiet.

Det opplyser vakthavande politibetjent ved Os lensmannskontor laurdag morgon.

Mannen, som er i slutten av 40-åra, laga bråk og uro og fekk pålegg om å forlata Os sentrum. Det gjorde han ikkje.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mannen vert meldt for ordensforstyrring, for ikkje å ha etterkomme pålegget og for å ha forulempa politiet. Han vart sett i arresten, er beskjeden frå politiet.

Stygg køyring

Vidare opplyser politiet at det har vore ein roleg natt, men at dei får ein del klager på stygg køyring i Os.

På Ulvensletta til dømes er farta sett ned til 50 kilometer i timen på grunn av vegarbeid. Men ifølgje politiet er det mange som held for høg fart.

– Det er viktig at folk føl dei trafikkreglane og fartsgrensene som gjeld. Det er ein grunn til at ein har sett dei fartsgrensene som er, understrekar vakthavende politibetjent.