Vi opnar dørene til kontoret vårt på Osøyro og inviterer både store og små innom!

Lokalavisveka 2026:

Velkomen til open dag hos oss

Sjå Os & Fusaposten sitt program for Lokalavisveka 2026.

Lokalavisveka 2026 – Vi vil møta deg! 

Vi kjem til både Fjord'n Senter og Thon Senter, og onsdag 21. oktober opnar vi dørene til redaksjonen vår på Osøyro.

Tysdag 20. oktober – Fjord'n Senter kl. 12–15

Kom innom standen vår! Vi ønskjer tips, innspel og ein hyggjeleg prat om det som skjer i Bjørnafjorden.

Kvifor markerer vi Lokalavisveka?

Korleis opplever du debattklimaet i Bjørnafjorden? Er det rom for å ytra seg? Er det plass til ulike meiningar? Lyttar me til kvarandre? Blir du motivert til  å engasjera deg? Får du lyst til å bidra i lokalsamfunnet me alle er ein del av?

Di stemme, ditt engasjement og dine bidrag betyr noko. 

Gjennom lokalavisveka ønskjer Os & Fusaposten å løfta ytringsfridomen og slå eit slag for dei konstruktive og saklege debattane, for lokaldemokratiet og for Bjørnafjorden som eit godt og levande lokalsamfunn. 

Me i lokalavisa ønskjer å bidra til at folk blir høyrde og at viktige spørsmål blir løfta fram. Me ønskjer å leggja til rette for ein konstruktiv debatt der det er rom for usemje.

Den offisielle opninga av Lokalavisveka skjer i den historiske Rikssalen i Eidsvollsbygningen måndag 19. oktober. Over 200 år etter at grunnlova blei vedtatt, er ytringsfridom, debattklima og demokratiske prosessar meir aktuelt enn nokon gong.

Målet med lokalavisveka, er å visa fram kva rolle lokale, redaktørstyrte medium spelar for lokaldemokratiet og levande lokalsamfunn.

Onsdag 21. oktober – Ope hus hos Os & Fusaposten kl. 11–14

Vi opnar dørene til kontoret vårt på Osøyro og inviterer både store og små innom!

Dette kan du oppleva:

  • Møt journalistane og dei andre som jobbar i Os & Fusaposten.

  • Sjå gamle avisforsider og pressebilete frå Bjørnafjorden.

  • Få eit lite innblikk i korleis vi jobbar med lokaljournalistikk.

  • Blir med på Den store Bjørnafjorden-quizen.

  • Kos deg med kaffi, kake og bollar

Del tips og idear til saker du meiner vi bør skriva om og vinn fine premiar.

Torsdag 22. oktober – Thon Senter Os kl. 12–15

Vi er på plass med stand! Kom innom, slå av ein prat og fortel oss kva du ønskjer å lesa meir om i lokalavisa.

Vi gler oss til å møta deg! 

Powered by Labrador CMS