Beslaglagt: Skadeomfanget på dei seks er ukjend. Ein førar har fått førarkortet beslaglagt.

Seks personar er køyrd til sjukehus

Seks personar er køyrd til sjukehus etter ulukka på Søfteland onsdag ettermiddag.

Skadeomfanget på dei seks er ukjend. Ein førar har fått førarkortet beslaglagt.

Vest politidistrikt meldte om front mot front-ulukka like etter kl 15 onsdag ettermiddag. Det vart ikkje meldt om alvorleg personskade.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det danna seg raskt kø i begge retningar.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt opplyste at det var seks personar involverte. Ingen var fastklemde, men dei seks er no sendt til sjukehus, melder politiet på Twitter kring kl 16.