Står fast: Grunna ein feilparkert bil, kjem ikkje juletreet seg fram.

Sentrumsjuletreet kom seg ikkje fram

Blei stoppa av feilparkert bil.

Publisert Sist oppdatert

Oppdatert: Sentrumsjuletreet låg ei tid vassrett på lasteplanet mellom Apoteket og Malina.

Årsaka var ein bil som stod feilparkert. Det var ikkje rom til at juletreet kunne fraktast forbi utan å skrapa borti bilar som stod parkert langs gata ved Apoteket, Os Blomsterservice og Madam Ane.

Drange Kran og Transport AS måtte venta tolmodig borte ved Havnechefen, klare for å få på plass juletreet.

No vert det jobba med å reisa juletreet i Os sentrum. 

Her skal det opp: Juletreet skal opp på den vanlege plassen ved Havnechefen.

Retting: Det blei først opplyst at det var Svanevik Transport og Utleie AS som stod klar for å få på plass juletreet. Det er ikkje rett, som ein kan sjå ut frå biletet over. Feilen blei retta klokka 11.55.

Powered by Labrador CMS