Fulle bussar: Nokre av bussane til Bergen har vore stappfulle og fleire har måtta stå på motorvegen. No tek Skyss grep.

Skyss i pressemelding fredag: - Vi styrkar busstilbodet frå Os

Skyss tek grep.

Trafikken på den nye linje 600 er høgare enn prognosane Skyss hadde på førehand. No har selskapet bestemt seg for å ta grep.

Les også
Fryktar for tryggleiken til passasjerane: — Kvar dag tenkjer eg; kva om sjåføren må bråbremsa?
Les også
— Ja, dette er eit paradoks me ofte vert konfronterte med

Frå 6. mars 2023 vert det dobbelt så mange avgangar på linje 600 i rushtid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er veldig gledeleg at så mange vil reisa kollektivt, seier Skyss-direktør Målfrid Vik Sønstabø i ei pressemelding fredag.

– Samstundes har det gjort at nokre avgangar ofte vert fulle. Me vil difor dobla frekvensen ein time i rushtida, både om morgonen og om ettermiddagen.

Les også
Skyss set inn ekstrabussar: – Det er to hovudgrunnar til at me gjer dette no
Les også
Ei veke etter at Skyss tok grep, er det framleis stappfullt på denne bussen

Auka kjem frå 6. mars neste år.

– Me skulle gjerne ha innført ho endå tidlegare, men treng rett og slett litt tid på å få på plass ein god logistikk, med tanke på både bussar og sjåførar, seier Skyss-direktøren vidare.

Les også
På motorveien kjører en nesten tom buss bak en full buss

600-bussen går frå Osøyro til Lagunen langs nye E39, og deretter vidare til Bergen busstasjon. Når den no skal gå kvart 7,5 minutt i rushtid, inneber det ei styrking av tilbodet også for passasjerar i Bergen, påpeikar Skyss.

– Eit godt kollektivtilbod er viktig for å redusera personbiltrafikken i byen. Me håper denne endringa kan bidra til at det vert enklare for endå fleire å velja å reisa kollektivt, seier Sønstabø.

Til Gjermundshamn

I samband med omleggingane ved opninga av den nye vegen til Os, vart det også gjort endringar på linje 740.

Linja fekk fleire avgangar på strekninga Eikelandsosen-Osøyro, med byte til linje 600 på Osøyro terminal. Sjølv om dette har gitt fleire reisemoglegheiter, har det medført nokre utfordringar for reisande til og frå Gjermundshamn og Kvinnherad.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For å bøta på dette, vert det frå 6. mars lagt til éin avgang frå Gjermundshamn kl. 10.50 og direkte til både Haukeland sjukehus og Bergen busstasjon. Det vil også vera ein direkteavgang frå Bergen til Gjermundshamn om ettermiddagen, utan overgang på Osøyro, opplyser Skyss fredag.