Målet med gruppa er at ho kan fungera som eit lågterskel iniativ for å fremma nye kjennskap blant både lokale og innflyttarar og forhåpentlegvis bidra til at ein kanskje finn nye vener for ein dag eller for livet, seier Tine Marita Bagge.
Målet med gruppa er at ho kan fungera som eit lågterskel iniativ for å fremma nye kjennskap blant både lokale og innflyttarar og forhåpentlegvis bidra til at ein kanskje finn nye vener for ein dag eller for livet, seier Tine Marita Bagge.

Slår eit slag for nye venskap og kjennskap - starta Osvennen på Facebook

- Tanken var å starta ei gruppe der ein kan avtala å møtast for ein kaffe, tur eller kino i håp om å finna nye vener og nye kjennskap.

Det seier Tine Marita Bagge. Ho oppretta sida etter ein diskusjon på Oppslagstavlo på Facebook der Silje Eide Aase etterlyste nettopp ei slik side.

- Eg syntest det var eit godt initiativ og har tenkt tanken sjølv. Målet med gruppa er at ho kan fungera som eit lågterskel initiativ for å fremma nye kjennskap blant både lokale og innflyttarar og forhåpentlegvis bidra til at ein kanskje finn nye vener for ein dag eller for livet, seier Bagge, som føreslo for Eide Aase å oppretta gruppa og sidan lanserte Osvennen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho er sjølv innflyttar til Os og har budd her i seks år.

- Os minnar meg ein del om heimplassen min Austevoll med eit lite miljø der mange kjenner kvarandre frå barndomen eller jobb. Det finst mange bra lag og foreiningar i Os ein kan bli med i, men tanken er at denne gruppa kan fungera som eit uorganisert tiltak der ein kan lufta eigne iniativ eller slengja seg med på diverse uformelle aktivitetar åleine, med borna eller saman med hunden, for den saks skuld.

Silje Eide Aase fortel at ho har reist til Thailand, Sri Lanka, Kreta og Naxos med folk ho har møtt på Facebook gjennom reisegrupper.

Det var Silje Eide Aase som fyrst etterlyste ei slik side.
Det var Silje Eide Aase som fyrst etterlyste ei slik side.

- Det var difor eg etterlyste ei slik side, fortel Eide Aase som snart skal på weekend-tur til Venezia med ei ho har reist med før.

Bagge fortel at ho har opplevd folk i Os som hyggelege og imøtekomande, men som ho seier:

- I dagens travle samfunn har folk flest nok med sitt eige, så det er ikkje alltid like lett å finna nokon som har tid eller lyst til å finna på noko.

På nokre få timar har gruppa over 200 medlemer.

jostein@osogfusa.no