Kuventræ barneskule: rektor Olav Røttingen om korleis skulen taklar stenging og vidare undervisning

Slik planlegg barneskulen undervisninga vidare

Alle skular er no stengde, men kva skjer med undervisninga?

I går, torsdag, vart alle skular og banehagar stengde, og borna vart sende heim, med bøker i sekken.

– Denne situasjonen har me aldri hatt før, det er heilt nytt for alle, så me må berre prøva så godt me kan, seier Olav Røttingen, rektor ved Kuventræ barneskule.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Kuventræ er dei som er tilgjengelege på jobb for å planleggja undervisinga og opplegget for dei neste vekene. Vidare blir det mest heimekontor, då dei følgjer alle råd frå Folkehelseinstituttet.

- I dag lager me vekeplanar og lekseplanar, og har fokus på éi veke om gongen, held Røttingen fram.

Får låna av skulen

- Informasjon til foreldre og heimen blir send digitalt, og me er sjølvsagt også tilgjengelege på telefon som alltid, seier Røttingen om korleis heimen får informasjon frå skulen.

Undervisninga vil også gå digitalt, med eit opplegg som kan formidlast digitalt til elevane og der dei også kan melda tilbake.

- Dei elevane som ikkje har tilgang til digitale verktøy får låna det av skulen, for det er veldig viktig at alle får dei same moglegheitene, seier Røttingen.

Han forklarar at foreldre berre må ta kontakt med skulen om dei skulle trengja å låna digitale verktøy.

- Me prøver å halda tråden i skulearbeidet for alle så godt det let seg gjera, held Røttingen fram.

Han håpar ordninga vil fungera bra, men legg også opp til at det blir fleire justeringar etter kvart som ein ser korleis det verkar og får meir informasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er også rom for tilpassing for dei som treng det, og me har fokus på at det blir halde nær kontakt med kontaktlærar, og at me er tilgjengelege, presiserer Røttingen.

Den førebelse planen for undervisinga er at det blir lagt opp til eit par arbeidsøkter til dagen, der lærarane forsøker å gje elevane, trinn for trinn, lik mengde arbeid.

Eksempel på oppgåver som kan bli gitt, er å skriva logg for kva dei har gjort for dagen, og korleis skulearbeidet gjekk.

Det blir også gjerne ei praktisk oppgåve i løpet av dagen, som kan vere alt frå å sjå etter småsøsken til andre praktiske oppgåver.

Kor lenge kvar elev brukar på oppgåvene, og når det blir gjort, er førebels opp til dei sjølve, men dette kan det bli justeringar på når opplegget er meir spikra.

Dugnadstanken

– Dette er ein heilt spesiell situasjon. Det er viktig å hugsa på, seier Røttingen.

– Eg vil løfta fram dugnadstanken, og at alle gjer så godt dei kan, og at me alle tenkjer på fellesskapet, held han fram.

Han trur det er lett å klaga på at informasjon ikkje blir gitt, og at folk ikkje veit kva som skjer, men påpiekar at alle avgjerder vert tekne i beste meining.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg liker tanken på at heile landet stiller opp til ein felles dugnad, og at me kan hjelpa kvarandre, seier Røttingen.

Slik han fortalde elevane i går då dei vart sende heim:

– Me er alle med på å skriva historie no, og må gjera så godt me kan i denne situasjonen