Julevêret: Dette var ikkje akkurat godt nytt.

Slik ser julevêret ut til å bli

Det er framleis nokre veker til jul, men Meteorologisk institutt kan sjå kva for julevêr vi mest sannsynleg vil få i år.

Prognosane fram til og med 19. desember viser plussgrader og regn.

– Dette er langt frå sikkert, fortel vakthavande meteorolog, Magni Svanevik og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Melder full storm: Held på hattane og bind fast trampolinen

– Vi har berre prognosar fram til 19. desember. Men kan sjå på kor sannsynleg det er at vi får kvit jul i Bergen. Det vil nok visa same tendens som de kan venta i Os og Fusa.

Svanevik har lite godt nytt å koma med til dei som håpar på kvit jul i Os og Fusa.

– Temperatur litt over normalen og ein del nedbør, men dette er veldig usikkert, altså. I fjellet vil nedbøren koma som snø, men ikkje i låglandet. Nett no ser det ikkje ut som at vi får kvit jul i år, seier Svanevik.