Slik vert 17. mai-programmet i Bjørnafjorden og direktesendinga

Direktesending: 17. mai-sendinga frå Oseana startar klokka 11.30 og varer fram til heile landet syng "Ja, vi elsker" kl 13.

Her er detaljane i det «offisielle» programmet i Bjørnafjorden og direktesendinga frå Oseana.

17. mai-sendinga frå Oseana startar klokka 11.30 og varer fram til heile landet syng "Ja, vi elsker" kl 13.

Liv Grete Skjelbreid og Eirik Søfteland leier sjåarane gjennom programmet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sendinga kan du sjå her på osogfusa.no.

Les også
Digital 17. mai-feiring: – Dei kunne ikkje ha funne betre representantar frå begge sider av fjorden

Os skulekorps og Os Musikkforening opnar sendinga. Trine Lindborg held sin første 17. mai-tale som ordførar, og kjem på besøk i studio. Det gjer òg dei tre russepresidentane Emilie Furevik frå Fusa vidaregåande skule, Elida Sofie Kordts frå Os vidaregåande skule og Martine Pedersen frå Os gymnas, opplyser kommunen.

Dei eldste og dei yngste frå barneskulane på Os og Kuventræ bidrar tradisjonelt anna kvart år med innslag frå scena på Kyrkjeflaten. Kommunen opplyser at elevane hadde byrja årets øving før alt blei stengt i mars, og at desse vert med i sendinga på video.

Første og andre trinn syng, og sjuandeklassingane Maren Hansen Eidhammer og Nora Hanken held ord for dagen.

– I løpet av sendinga får vi òg høyra om 17. mai i fredsåret 1945 frå bjørnafjordingar som hugsar den store festdagen godt, opplyser kommunen.

Innimellom kjem det ferske innslag frå lokalmedia sine utsende reportarar rundt omkring i kommunen.

Nå korpset spelar "Ja, vi elsker" klokka 13, vil ein kor-kohort spreidd på Oseana-altanen bidra som forsangarar.

Lokale arrangement

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg til den digitale feiringa, blir det kransenedlegging i Minneparken på Os. Os skulekorps og Os musikkforening skal spela i hagen på Lurane, og det vert feiring på avdelingane. Terje Søviknes held digital tale.

I Os kyrkje vert det nettandakt, med Os mannskor òg gudsteneste i kyrkja, med påmelding.

Det vert også kransenedlegging i Strandvik og ved Fusa kyrkje. Her vert det talar ved høvesvis Jeanne Boge og Bente Juveng Øpstad.

Eikelandsfjorden musikklag skal spela utanfor sjukeheimen. Her vert det også helsing frå 17. maikomiteen.

I tillegg har Holmefjord Musikklag leigd bokbåten Epos til 17. mai, og skal på «rundreise» i Fusa (sjå eiga sak seinare).

– Anten du feirar med familie eller naboar i hagen, på ein fjelltopp eller i ei vik, hugs å halda minst éin meter avstand til dei du ikkje bur saman med, og held fram med hyppig handvask, oppmodar kommunen.