Slo politibetjent

Tre personar vart frakta til arresten i natt. Ei kvinne er meldt for å ha slått ein politibetjent.

- Ein person skulle fraktast vekk frå konsertområdet då vedkomande som no er meldt, blanda seg. Denne er no meldt for vald mot politiet og for å ha hindra politets arbeid, fortel politiførstebetjent Kenneth Rastad.

No ventar truleg rettssak for kvinna.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det oppstod også tumultar ved to tilfelle om bord i nokre båtar i hamna. Den eine situasjonen løyste seg sjølv. Den andre utarta seg, og den mest aggressive av dei involverte vart teken med i arresten og er meldt for å ha brote paragrafen om offentleg ro og orden. Her vert det også vurdert om vedkomande skal meldast for forulemping av tenestemann opplyser Rastad.

To tilfelle av forstyrring av offentleg ro og orden fant stad inne på festivalområdet i løpet av helga. I desse sakene er det snakk om førelegg.

Totalt har altså fire personar vorte frakta til arresten i løpet av Osfest-helga.

 

 

 

 

 

Artikkelen held fram under annonsen.