Utrykning til Lepsøy i dag. (Arkivfoto)
Utrykning til Lepsøy i dag. (Arkivfoto)

Sløkte brann på Lepsøy kai

Brannvesen og politi rykte ut til Lepsøy kai, pga. brann i nokre ledningar ved Garvik Sjøhus. No er brannen sløkt.

OPPDATERT:

Varabrannsjef Arne Monsen var med laget som rykte ut for å ettersløkka brannen.

- Brannen var oppstått i noko Lift-up-utstyr laga av PVC. Denne tilhøyrer Lerøy Vest, og blir brukt til å ta opp død fisk under oppdrettsanlegg. Politiet etterforskar no korleis brannen har oppstått.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Er det straumkablar involvert i utstyret?

- Ja, den er noko av det som blir undersøkt no, seier Monsen. Han kan opplysa om at dei opne flammane vart sløkt av folk på staden med pulverapparat. Brannvesenet sin jobb bestod i å kjøla ned objektet. Det var på eit tidspunkt fare for at brannen kunne spreia seg til eit hus som er like i nærleiken.

Sløkt kl 11.35

Klokka 11.35 melde Os brannvesen om at brannen var sløkt. Brannen hadde oppstått i nokre slangar ved Røtingavegen. No pågår ettersløkking.

Første melding

Ca. klokka 11.20 rykte brannvesen og politi ut i retning Lepsøy, etter tips om brann. Men ifølgje operasjonsleiar Terje Magnussen ved Vest politidistrikt var det usikkert om brannen var sløkt allereie.

- Me er litt usikre på om brannen er sløkt, eller ikkje heilt sløkt. Me rykkjer ut no i lag med brannvesenet for å få kontroll på det, seier Magnussen.