Ønskjer nominasjonar: Fusa frivilligsentral håpar at mange kjenner nokon dei ønskjer å nominera til Frivilligprisen 2019 og 2020, fortel leiar Victoria Tverli Dale.

Søkjer eldsjeler: — Vi vil løfta fram dei som fortener ein ekstra takk

Nok ein gong skal frivillige i Fusa få skina. Det er innbyggjarane sjølve som nominerer.

Sist det var utdeling av Frivilligprisen i Fusa, gjekk han til Torill Helland, som blei nominert for sitt engasjement som besøksven på Fusa bu- og behandlingssenter. Ho har gått som frivillig besøksven fleire gonger i veka i mange år. Dette til god hjelp for tilsette og til stor glede for bebuarane.

No vil Fusa frivilligsentral dela ut frivilligpris for både 2019 og 2020. Leiar i Frivilligsentralen, Victoria Tverli Dale, fortel at dei vil retta fokus mot det frivillige arbeidet som blir lagt ned i lokalsamfunnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er mykje frivilligarbeid som går føre seg rundt om i kvar ein krok i bygdene våre. Noko av arbeidet er synleg, men mykje av det er kanskje usynleg for andre enn nettopp dei som får hjelp. Til dømes er det nok mange ivrige eldsjeler der ute som anten køyrer ei tråkkemaskin ein tidleg morgon slik at vi kanskje får nye skiskyttardronningar/kongar. Eller nokon som går på besøk til eldre for å hjelpa dei med praktiske oppgåver, eller berre for å slå av ein prat over ein kaffikopp, seier Tverli Dale.

Det er desse personane Frivilligsentralen vil løfta fram i lyset.

— Kanskje det kan motivera fleire til å bli frivillige og gjera noko for sine medmenneske, seier Tverli Dale.

Fristen for å koma med nominasjonar er 1. november.

Frivilligfesten går ut i år

Frivilligprisen har blitt delt ut med jamne mellomrom, og ofte i samband med ein frivilligfest.

— Det blir diverre ikkje nokon frivilligfest i år. Festen får vi ta att. Vi vil likevel visa at vi set pris på det frivillige arbeidet, for det er til stades også no i koronatida. Vi tenkjer at det kanskje i år er endå viktigare å setja lys på det positive som går føre seg rundt oss i samfunnet. Vi treng nokon solskinshistorier no i denne “mørketida”, seier Tverli Dale.

Frivilligsentralen er med og koordinerer frivilligarbeid i kommunen, men Tverli Dale seier at dei ikkje har oversikt over alt arbeidet som blir lagt ned. Difor bed dei innbyggjarane om hjelp.

— Eg håpar at folk kan ta kontakt om dei kjenner nokon som fortener å bli sett pris på, og få ein ekstra takk for sin ubetalte innsats for medmenneske og lokalmiljøet. Enkeltpersonar, lag, grupper og organisasjonar kan bli nominerte. Ta kontakt med frivilligsentralen om det er noko de lurer på, seier Tverli Dale.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare frivilligprisvinnarar:

Torill Helland (2018) — for sitt engasjement som besøksven på Fusa bu- og behandlingssenter. Ho har gått frivillig som besøksven fleire gonger i veka i mange år. Dette til god hjelp for dei tilsette og til stor glede for bebuarane.

Gudrun Skåtun (2016) — Stort sosialt engasjement, ser kvar enkelt og gjerne den som er litt åleine. Ho vernar om menneskeverdet. Hjelper personar til butikk, lege og kyrkje.

Magda Djuvik (2013) — Til god hjelp for medmenneske ved blant anna å køyra einslege og hjelpetrengjande til doktor, lege og butikk.

Gudleik Østerbø (2011) — Flittig besøksvenn på Fusa bu- og behandlingssenter. Han tar fokuset bort frå skrantande helse og sjukdom, ved heller å snakka om ver og vind, om gamalt og nytt.

Ingjald Vestbø (2008) — Omfattande frivillig engasjement. Varmt medmenneske, alltid positiv, godt humør og hjelpsam. Har vore med på å skapa ein møteplass gjennom seniordansen.

Trond Djupvik (2006) — Varmt medmenneske. Omsyn til gamal og ung gjennom 4H, besøksteneste for eldre i heim og institusjon, og gjennom pensjonistlag.