Tal frå Hordaland fylkeskommune viser at veksten i kollektivtrafikken i fylket er på fire prosent. I bergensområdet har veksten vore på 5,6 prosent. (Arkivfoto)
Tal frå Hordaland fylkeskommune viser at veksten i kollektivtrafikken i fylket er på fire prosent. I bergensområdet har veksten vore på 5,6 prosent. (Arkivfoto)

Stor auke i kollektivreisande i Hordaland

- Denne veksten gjev meg tru på at vi kan lukkast i å avgrensa privatbilismen, og gå med rak rygg inn i det grøne skiftet, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun om dei ferske kollektiv-tala.

Tal frå Hordaland fylkeskommune viser at veksten i kollektivtrafikken i fylket er på fire prosent. I bergensområdet har veksten vore på 5,6 prosent.

- Tala vi no ser, er svært gledelege, og dei viser at politikken verkar, seier fylkesordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Både billettinntekter og tal reisande i Hordaland har auka, i følgje ei pressemelding frå fylkeskommunen.

Frå nyttår vart tal bussavgangar i bergensområdet auka for å møte etterspurnaden etter innføring av tidsdifferensierte bompengar. Auken i passasjertala viser at betre kollektivtilbod gir fleire reisande. I 2015 var passasjerveksten på nær tre prosent.

- Dette inneber at det har vore ein monaleg auke i tal kollektivreisande. Prognosane våre viser at for å nå målet om nullvekst i privatbilismen, må veksten i kollektivtrafikken liggja på om lag fire prosent. At vi no ligg langt over dette i bergensområdet viser at utviklinga går i rett retning, meiner Hestetun.

- Tala vi no ser, er svært gledelege, og dei viser at politikken verkar, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.
- Tala vi no ser, er svært gledelege, og dei viser at politikken verkar, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Sidan i fjor har Hordaland fylkeskommune finansiert over 400 nye daglege bussavgangar i bergensområdet, samstundes som rushtidsavgift er innført.

- For å klara å gjera Bergen til ein grøn og miljøvenleg storby må vi ta luftureininga på alvor. Desse tala viser at vi er på veg i riktig retning.