Store kultur- og idrettsarrangement blir forbodne til 15. juni

Vil ikkje spekulera: Kulturministeren vil førebels ikkje spekulera på kva som skjer med resten av sommaren og festivalsesongen.

Kulturminister Abid Raja (V) opplyser at store kultur- og idrettsarrangement blir forbodne til 15. juni. Ei ny vurdering vil bli teken seinast første veka i mai.

Kulturministeren vil førebels ikkje spekulera på kva som skjer med resten av sommaren og festivalsesongen.

– Vi treng eit breiare avgjerdsgrunnlag, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagens avgjerd får òg innverknad på 17. mai-feiringa, som Raja har fått ansvar for å koordinere frå regjeringa.

– Vi kjem nærare tilbake til dette over påska. Det er vanskeleg å sjå for seg at barnetoga, slik vi kjenner dei, vil gå som planlagt, seier han.