Vaksinering: Hugsar du dette? Framleis føregår det massevaksinering i Osbadet og Fjord'n senter for enkelte målgrupper.

Tek i bruk ny vaksine skreddarsydd mot omikron

Samtidig oppmodar Bjørnafjorden kommune nye målgrupper om å ta fleire vaksinedoser.

— Frå neste veke begynner vi å vaksinera med ein ny og oppdatert versjon av koronavaksinen som rettar seg mot omikronvarianten. Det er denne vaksinen vi tilbyr som tredje og fjerde vaksinedose, fortel kommuneoverlege Klaus Melf.

Omikron: Kommuneoverlege Klaus Melf opplyser at ein frå neste veke tek i bruk ein ny og oppdatert vaksine mot omikron.

FHI har tidlegare tilrådd ein fjerde koronavaksinedose til alle over 65 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

No anbefaler dei òg personar mellom 18 og 64 år med risiko for alvorleg koronaforløp, å ta fire vaksinedoser.

Ungdom mellom 12 og 17 år med alvorleg grunnsjukdom blir tilrådd å ta tre dosar koronavaksine.

Dersom du tilhøyrer ei av desse målgruppene, kan du bestille time til vaksinering.

Du kan lesa meir om risikotilstandar og grunnsjukdomar på kommunens eiga heimeside.