Laserkontroll: Politiet hadde laserkontroll på Helland sist helge. Biletet er frå kontroll på Holmefjord for eit par veker sidan.

Tenåring suste forbi då politiet hadde laserkontroll på Helland

Det var få bilar som blei kontrollerte, men av desse var det ein ung bilist som ikkje følgde trafikkreglane.

Politiet i Fusa hadde seint laurdag kveld laserkontroll på Helland. Det blir rapportert om til tider godt med nedbør, og få bilar på vegen.

— Men det var ein kar som køyrde for fort. Han er i tenåra, og har berre hatt førarkortet i eit halvt år. Det er 60-sone på staden, og han køyrde i 73 km/t. Det gjorde at han fekk eit førelegg på 3.800 kroner og fire prikkar i staden for to, då han er i prøvetida, fortel vakthavande politibetjent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det var utover dette, få oppdrag på den sida av Bjørnafjorden kommune i helga som var.