Korona: Kommunen melde måndag morgon om to nye smittetilfelle.

To nye smittetilfelle: Dei to er ikkje relaterte

Ei kvinne og ein mann har fått påvist covid-19.

1. november: To nye smittetilfelle av covid-19 i Bjørnafjorden kommune. Det melder kommunen måndag morgon.

Ei kvinne i 60-åra og ein mann i 30-åra har testa positivt for covid-19.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ein tilsett ved Luranetunet har fått påvist covid-19

Begge er smitta i Bergen. Dei to tilfella er ikkje relaterte.

- Alle nærkontaktar er varsla, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.