Tøff torsdag: Skalk alle luker, torsdag blir heftig.

Tøff torsdag: Gult farevarsel for kraftige vindkast

Torsdag blir det full storm på kysten.

Meteorologisk Institutt har sendt ut gult farevarsel for kraftige vindkast frå torsdag ettermiddag til natt til fredag.

Meldinga gjeld for kysten av Sunnhordland, inkludert Bjørnafjorden, men i denne omgangen berre for Os-sida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er venta lokalt kraftige vindkast på 33-38 meter i sekundet frå nordvest og full storm på kysten.

Vinden er venta å minka frå seint torsdag kveld, fyrst i nord.

Dei gode råda er å sikra lause gjenstandar. Så om du framleis har hagemøblar eller trampoline ståande ute i hagen, er tida inne til å gjera noko med det.

Du bør vera varsam om du ferdast i strandsona eller er på sjøen. Eller rett og slett unngå utsette stader og heller halda deg heime på sofaen.

Lause gjenstandar kan blåsa av garde, og ferjer, fly og anna transport kan verta kansellerte.

Bruer kan verta stengde, og enkelte reiser kan få lenger reisetid.

Les også
Forbipasserande med motorsag fjerna veg-hinder i Hegglandsdalen
Les også
Fusavegen vart stengd grunna trevelt
Les også
Politi og BKK er ferdig på staden. Vegen er opna att

Det er også mogleg at straumforsyninga vert påverka og/eller at vegar vert stengde. Slik som tidlegare i haust då tre velta over kraftlinjer og vegar i Bjørnafjorden.

Høge bølgjer kan gi skade på infrastruktur og bygningar i strandsona. Den sterke vinden kan dessutan gi lokalt høye bølger i fjordstrøk og innsjøer

Artikkelen held fram under annonsen.