Rykte ut: Politiet rykte ut til Nore Neset tidleg søndag morgon. Der fann dei ein hissig, rusa mann.

Tok våpen frå hissig, rusa mann

Politiet rykte ut til ei adresse i området Nore Neset søndag morgon.

På adressa skal politiet ha funne ein mann i 30-åra. Vedkomande skal ha vore rusa, og han skal ha vore hissig.

— Grunna oppførselen, blei det valt å ta beslag i eit våpen som mannen hadde. Han blei framstilt for legevakt og oppdraget blei gitt vidare til helse, opplyser politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Anne Lyssand.

Artikkelen held fram under annonsen.

Søndag morgon i 08.30-tida gjennomførte Utrykkingspolitiet og patruljen frå Os ein promillekontroll på Halhjem ferjekai. Der skal 40 sjåførar ha blitt kontrollerte. Ingen reaksjonar, opplyser Lyssand i ein e-post.

Stoppa på Halhjemsvegen

Natt til søndag rett før klokka 01.30, kontrollerte politiet eit køyretøy på Halhjemsvegen. Føraren, ein mann i 30-åra, skal ha vore ute på øvingskøyring.

— Han hadde mista lappen for ruskøyring, og tapstida gjekk ut i 2019. Passasjer og eigar av bilen, hadde gyldig førarkort. Begge blåste til 0,0. Føraren fekk ikkje køyra vidare då det mangla “L” på bilen. Eigaren tok difor over køyringa, opplyser Lyssand.