Politiet har fått tre valdsepisodar å følgja opp sidan i går ettermiddag.
Politiet har fått tre valdsepisodar å følgja opp sidan i går ettermiddag.

Tre valdsepisodar siste døgnet

Politiet har hatt tre valdsepisodar å hanskast med siste døgnet.

Kl. 1740 i går i området Tøsdalskiftet blei ein buss stansa av ein mann som stod midt i vegbanen.

- Då bussen stansa og opna døra, kom vedkomande inn. Vedkomande var aggressiv og sjåføren opplevde hendinga som ubehageleg og ville ringja politiet. Då blei mannen rasande  og tok tak i armen på bussjåføren, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite .

Artikkelen held fram under annonsen.

Mannen forsvann deretter ut døra. Forholdet vil bli meldt.

Natt til laurdag, ca. kl. 01, måtte politiet skilja 3-4 personar  i Os sentrum på grunn av amper stemning. Ein person blei kasta ut frå utestad, og politiet fjerna vedkomande frå sentrum.

- Dei involverte er menn i 30-åra, opplyser Fimreite.

Kl. 02.18 observerte politiet at ein person slo til en annan ved ein utestad i Os.

- Det blir oppretta sak for kroppskrenking. Mistenkte er mann i 30-åra, fortel Fimreite.