Ulukke ved Plantasjen
Politiet opplyser om bilulukke på Byvegen.
Meldinga kom på twitter kl 15.20. Naudetatar er på staden.
Ulukka har skjedd i krysset inn til Gudridflaten. To bilar og tre personar er involverte. Det er snakk om ein påkøyrsel bakfrå. Alle tre personane er meldt å vera oppegåande. Dei vert sett til av ambulansepersonell. To av dei er sendt til Haukeland, og ein er sendt til lokal legevakt for sjekk.
Det er kø i området. Politiet er på staden og dirigerer trafikken.
Begge bilane skal ha kome frå Amfi. Det var kø opp til rundkøyringa, og den eine bilen har køyrd i den andre bakfrå.