Stygg forbikøyring: Politiet skal ha observert det dei opplevde som ei stygg forbikøyring på Byvegen natt til søndag. Då dei forsøkte å stoppa sjåføren, skal han ha stukke av.

Ung mann er i trøbbel etter at han skal ha stukke av frå politiet natt til søndag

— Av omsyn til etterforskinga er ikkje saka nemnd tidlegare.

Det opplyser politiet i ein e-post.

Natt til søndag observerte politiet ein bil som dei opplevde at gjorde ei farleg forbikøyring på Byvegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Patruljen forsøkte å stansa køyretøyet, som etter kvart forsvann frå politiet, opplyser vakthavande politibetjent ved Bjørnafjorden politistasjon.

Politiet skriv vidare at dei spora opp ein mann i slutten av tenåra, og at vedkomande er sikta for brot på vegtrafikklova §3 og for ikkje å ha stoppa for politiet.

— Førarkortet blei beslaglagt og det er ikkje mistanke om køyring i rusa tilstand. Saka er ikkje nemnd tidlegare, av omsyn til etterforsking, skriv politibetjenten.

Vakthavande politibetjent fortel vidare til Os & Fusaposten at mannen blei spora opp og kontakta ut på dagen måndag.

Trafikkontroll og laserkontroll

Onsdag morgon i 9-tida hadde Utrykkingspolitiet ein trafikkontroll på Halhjem. Det vert opplyst at ein mann i 50-åra er meldt etter kontrollen.

— Han blåste til over 0,2 på politiets alkometer, men under verdi for førarkortbeslag. Mannen er meld for forholdet, skriv politibetjenten.

Det vert også opplyst om ein laserkontroll ved Hegglandsdalsvegen tysdag ettermiddag. Der var det ein ung mann som mista førarkortet.